Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Startlån bustad

Har du langvarige finansieringsproblem i samband med kjøp av bustad, kan startlånet bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad.Startlånet blir gjeve som topp- eller fullfinansiering til  

  • kjøp av bustad
  • utbetring og tilpassing av bustad
  • toppfinansiering ved bygging av ny bustad
  • refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden  

Omtale av tenesta

Målgruppe

Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing  innanfor dei økonomiske rammene du har.

Kriterium

Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere at husstanden kan forsvare renter og avdrag på låna. Du må ha evne til å forsvare låna over tid og fortsatt ha nødvendige midlar igjen til nødvendig livsopphald.

Pris

Startlån frå kommunen skal ta utgangspunkt i rente- og avdragsvilkåra i Husbanken. I tillegg legg kommunen til 0,25 % til delvis dekning for kommunale kostnader knytt til dette tilbodet.

Samarbeidspartnarar

Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.

Kontaktinformasjon

Namn

Servicetorget

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 66 66

E-post

servicetorget@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Søknadsprosess

Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad om startlån vedlagt nødvendig dokumentasjon, til kommunen. Søknadsskjemaet får du ved å vende deg til kommunen eller via lenkja under. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til til å søkje om startlån.

Vedlegg

 

  • Sjølvmelding for det siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Stadfesting av annan finansiering/eigenkapital  
  • Kopi av gyldig legitimasjon

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Tildeling, utmåling og avslag er enkeltvedtak etter Forvaltningslova. Det er derfor klagerett på slikt vedtak.  
Held kommunen fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til formannskapet for behandling.
Klagefrist er tre veker etter mottatt melding.

Merknader

Sykkylven kommune disponerer for tida ikkje startlån.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 09.05.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]