Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Følgjekort for funksjonshemma

Er du funksjonshemma, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Funksjonshemma

Kriterium

Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.

Pris

Følgjekort er gratis. Mot at den funksjonshemma sjølv kjøper ordinær billett, får ho/han ta med seg medfølgjaren gratis der følgjekort er akseptert.

Brosjyre

Statens råd for funksjonshemmede har informasjon om ordninga, sjå www.srff.no

Samarbeidspartnarar

Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.

Kontaktinformasjon

Namn

Servicetorget

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 66 66

E-post

servicetorget@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Ansvarleg eining

Servicetorget

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om følgjekort.

Vedlegg

Passfoto.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Vi innhentar eventuelt fråsegn om ditt behov for følgje frå lege, helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen.

Lover og retningsliner

Lover

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 10.05.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte tjenester 
IkonRelaterte dokumenter 
Uten navn [4]