Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordning)

Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Funksjonshemma

Kriterium

Du kan vanskeleg nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen.

Samarbeidspartnarar

Alle fylkeskommunane er av Samferdelsedepartementet pålagde å organisere ei ordning med tilrettelagd transport.

Kontaktinformasjon

Namn

Servicetorget

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 66 66

E-post

servicetorget@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan ta kontakt med servicetorget for å få hjelp til å søkje om TT-kort.

Skjema

Søknad om transportteneste for funksjonshemma

Vedlegg

Legeerklæring

Søknadsfrist

Søknader kan sendast når det oppstår behov. Handaming av søknadane skjer fortløpande.

Søknad sendast

Servicetorget
Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Handsaming

Det vil bli gjort vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er formannskapet. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til formannskapet.

Lover og retningsliner

Lover

Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå fylkeskommunale retningsliner.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 31.03.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]