Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Landbruksveg - bygging

Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium

  • Ved bygging av landbruksvegar med ei lengd på over 15 kilometer skal det liggje føre ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak
  • Avkøyringar frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegstyresmaktene

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for:

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

Vedtaket kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, for eksempel å stengje vegen med bom.

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg før kommunen gjer eit vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk Kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha noko å seie for interessene i fagområda deira.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, for eksempel naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative veitrasear bør òg komme fram.

Vedlegg

Kartdel som viser:

  • - planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar
  • - planlagde massetak i samband med vegbygginga
  • - lokaliseringa for alle kjende miljøverdiar i området
  • - eksisterande bygningar

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Kommunen gjer vedtak om å godkjenne vegutforminga og bygginga, set vilkår for godkjenninga eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd eller ombygd. Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover og retningsliner

Lover

Når hovudføremålet med vegen er landbruk, dvs. at meir enn 50 % av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]