Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskot

Landbruksføretak kan søkje om tilskot knytta til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium

Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott.

Samarbeidspartnarar

Fylkesmannen utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Statens landbruksforvaltning (SLF) godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.

Skjema

Søknaden skal leverast elektronisk via Altinn.

Vedlegg

For mange av ordningane krevjast kart som viser tiltaksgjennomføring.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal er 20.august. Ny frist 20.9.2015 sjå dokument til høgre på sida.

Handsaming

Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Statens landbruksforvaltning klageinstans.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 24.08.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]