Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Fellingsløyve

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.

Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.

Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenne planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Kriterium

Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Pris

Det er ikkje fellingsavgift for rådyr. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Miljødirektoratet fastset fellingsavgift for villrein.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Miljø og viltforvaltning

Søknadsprosess

Rettleiing

Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Klagemuligheit

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen har gjort, og Miljødirektoratet for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom klagen ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 24.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte tjenester 
Uten navn [4]