Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - tilskot

Du kan søkje om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskotet kan du få til:

  • - skogkultur
  • - vegbygging
  • - miljøtiltak i skog
  • - utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • - utdrift av skogsvirke til energiflis
  • - andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterium

Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskot til utdrift av skogsvirke til energiflis og til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til: (1) skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog, (2) eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Søknad om tilskot til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiflis skrivast på skjema utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet. Ved søknad om tilskot til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for vidare informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.

Handsaming

Fylkesmannen gjer vedtak om tilskot til

  • - bygging av veg
  • - tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest o.a.
  • - utdrift av skogsvirke til energiflis

Elles er det kommunen som gjer vedtaka.

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Statens landbruksforvaltning for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 24.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]