Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Utsleppsløyve

Ein eigar pliktar å søkje den kommunale ureiningsmyndigheita om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustader, hytter, turistbedrifter og liknande med utslepp mindre enn 50 pe (personekvivalentar). For verksemder som berre slepper ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom det er innlagt vatn.

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom (sanitært avløpsvatn). Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Klosettavløp er ikkje inkludert.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Bebuarar og brukarar av bustadhus, institusjonar, campingplassar, hotell, næringsbygg og fritidsbustadhus som ikkje er knytta til  eller kan knyttast til offentleg avløpsanlegg.

Kriterium

Standardvilkåra går fram av forurensningsforskriften. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.

Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Miljø og viltforvaltning

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:
  • dokumentasjon på korleis ein skal etablere og drive utslepp
  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i kap. 12 i forurensningsforskriften eller om det blir søkt om fritak frå krava
  • plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart
  • interesser som ein trur etableringa får følgjer for, til dømes drikkevatn

Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden.


Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremona og ulempane som tiltaket elles vil medføre.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]