Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > NAV kommunal del Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Rusmiddelmisbrukarar - tiltak

Misbruker du alkohol eller andre rusmiddel, kan du få hjelp til å komme bort frå misbruket. Vi gjev òg råd og hjelp til familien. Du har elles krav på dei same tenestene etter helse- og omsorgstenestelova som alle andre.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Rusmiddelmisbrukarar og familiane deira.

Kriterium

Klienten må ønskje hjelp til behandlingsopplegg.

Pris

Tenesta er gratis.

Brosjyre

AKAN har meir informasjon om rusmiddelmisbruk.

Samarbeidspartnarar

  • Primærhelsetenesta
  • Spesialisthelsetenesta
  • Fylkesnemndene for sosiale saker, som er statlege organ under Barne- og familiedepartementet, behandlar tvangssakene innanfor rusomsorga
  • Kontaktinformasjon

    Ansvarleg eining

    Barne- og familietenestene

    Søknadsprosess

    Rettleiing

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gi ei skriftleg fullmakt som blir lagt ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.

    Vedlegg

    Eventuell fullmakt.

    Handsaming

    Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

    Klagemuligheit

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

    Lover og retningsliner

    Tjeneste - info 
    Web Redaktør Sist oppdatert 10.01.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
    Rediger 
    Uten navn [4]