Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Utslepp frå hytter og spreidd busetting

Miljøverndepartementet har vedteke nytt regelverk for avløp frå hus og hytter. Frå 1.januar 2007 gjeld nye krav for reinsing av avløpsvatn.

Frå årsskiftet skal alle nye utslepp tilfredstille standardkrav til reinsing av næringsalter, partiklar og organisk materiale.

Ei viktig endring for mange i Sykkylven er krav om fosfor-reinsing på utslepp til ferskvatn. Nye reglar fastset minimum ha 60% reduksjon av fosfor og 70% reduksjon av BOF5 på alle utslepp til ferskvatn. Dersom det er fare for overgjødsling eller fare for at utsleppet kjem i konflikt med andre brukarinteresser, t.d. drikkevatn, badeplass, o.a., kan desse krava auke opp til 90%.

Hytteområda kring Nysætervatnet

For hytteområda kring Nysætervatnet gjeld strengaste rensekrav jfr. forureiningsforskrifta § 12-8, punkt a. Det tilsvarer 90% reduksjon av fosfor og 90% reduksjon av BOF5

Utslepp til sjø kan reinsast tilfredsstillande med bruk av slamavskiljar.

Utsleppstaden skal ligge minst 2 meter under lågaste vasstand, og elles vere slik plassert og utforma at det ikkje fører til brukarkonflikter av noko slag.

Anleggseigar står ansvarleg for at eige utslepp tilfredsstiller reinsekrava. Ved søknad om godkjenning av eit utslepp skal det følgje med dokumentasjon på reinsegrad. Leverandør av anlegg må framskaffe slik dokumentasjon.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Miljø og viltforvaltning

Søknadsprosess

Skjema

For å få til ei rask og god sakshandsaming er det laga eit nytt søknadsskjema tilpassa dei nye regelane. Skjema får du på servicetorget eller du hentar det på nettsida vår. Sjå til høgre på denne sida.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 24.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]