Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Skogfond

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift. Skogfondsmidlar kan brukast til:

  • - all form for skogkultur
  • - underskott ved tynningsdrift
  • - etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • - nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • - vegvedlikehald av skogsbilvegar
  • - meirverdiavgift
  • - skogbruksplan
  • - skogforsikring
  • - grensearbeid i utmark
  • - kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osb.)
  • - miljøtiltak
  • - bioenergitiltak

Omtale av tenesta

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterium

For at skogfondsmiddel skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning - sjå lenkja under.

Skjema

Landbruksdirektoratet gjer etter kvart sine elektroniske tenester tilgjengelege på Altinn. For at du skal kunne bruke Altinn, må skogeigendommen vere registrert på ein personleg eigar med eit fødselsnummer. Inntil vidare må andre bruke den gamle pålogginga på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Vedlegg

Kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn, men du må sende krav om utbetaling av skogfondsmidlar til kommunen seinast eitt år frå utgangen av det kalenderåret du gjorde investeringa.

Handsaming

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]