Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Har du behov for å nytte motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål, må du søkje kommunen om fullmakt. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak er bruk av motorkøyretøy til til dømes redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, medan for ferdsel til andre føremål må du ha fullmakt frå kommunen. Merk at du ikkje kan få løyve til turkøyring (sjå unntak for Finnmark og Nord-Troms).

Omtale av tenesta

Målgruppe

Personar som har behov for å bruke motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til formål som ikkje er offentleg godkjente nytteformål.

Kriterium

Ein må søkje om løyve for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei formåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld for eksempel bruk av snøskuter

  • der fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
  • der hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
  • der institusjonar eller ideelle organisasjonar har gruppeturar for bebuarar, pensjonistar eller funksjonshemma

I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel som er knytta til føremål som forskrifta ikke nemner spesielt. Du må ha eit særskilt behov som ikkje kan bli dekt på annan måte, og som ikkje er knytta til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet ditt blir vurdert mot moglege skadar og ulemper. Det skal mykje til før ein kan gje ein slik dispensasjon. Generelt er det vanskelegare å få dispensasjon for å køyre på barmark enn på snødekt mark. Før det blir gjort vedtak som har innverknad på naturmangfaldet, skal kommunen òg vurdere ein del miljørettslege prinsipp (sjå naturmangfaldlova).

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Vedlegg

  • - Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • - Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • - Kart som viser køyretraseen
  • - Eventuell dokumentasjon av særlege behov

Søknadsfrist

Søknaden må sendast i god tid.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover og retningsliner

Lover

Lov om fritids- og småbåter §§ 38-40 (om vasskuter) Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag: § 2 (om motorferdsel på bar mark) § 3 (om motorferdsel på vinterføre) § 4 (om unntak for Finnmark og Troms) § 5 (om bruk av snøskuter) § 6 (om unntakstilfelle)
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 24.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]