Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Serveringsløyve

Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng, må søkje kommunen om serveringsløyve. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der forholda ligg til rette for at det blir spist/drukke på staden.

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.

Dersom serveringsstaden blir tatt over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng.

Kriterium

Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving.

Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

Samarbeidspartnarar

  • Lensmann/politi
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene
  • Tollmyndigheitene
  • Mattilsynet
  • Arbeidstilsynet

Kontaktinformasjon

Namn

Servicetorget

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 66 66

E-post

servicetorget@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å rettleiing. Søknaden skal vere skriftleg og innehalde desse opplysningane:

  1. Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også opplysast om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing
  2. Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast
  3. Namn og adresse på dagleg leiar
  4. Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar
  5. Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden

Skjema

Læremateriell og nettkurs - Kunnskapsprøven

Vedlegg

  • Dokumentasjon på at etablererprøva er stått
  • Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregistra

I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram

  • leigekontrakt
  • finansieringsplan
  • driftsbudsjett
  • likviditetsbudsjett

Søknadsfrist

Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Når søknaden er mottatt i kommunen, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Du får skriftleg melding om vedtaket.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Merknader

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje for eksempel ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 07.09.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]