Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Du kan søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til:

  • - Etablering av ny verksemd
  • - Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring)
  • - Investeringar i produksjonsanlegg
  • - Nedskriving av rentekostnader
  • - Investeringar i økologisk fruktdyrking
  • - Generasjonsskifte
  • Midlane blir sette av i jordbruksavtalen. Dei skal legge til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, bidra til sysselsetting, busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomen spesielt.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Kriterium

Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg. Sjå under lenka "Regionalt næringsprogram for 2015 (Møre og Romsdal)"
  • Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidla. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som distriktskontora til Innovasjon Noreg utarbeider.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Søknad om tilskot sender du til kommunen. Kommunen vil uttale seg om søknaden og vidaresende han til Innovasjon Noreg, som avgjer saka. Innan éin månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal du få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing og hjelp til å søkje Innovasjon Noreg om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket.

Skjema

Du finn ulike typar søknadsskjema på heimesida til Inovasjon Norge.

Vedlegg

Kva som trengs av vedlegg avheng av kva type tiltak ein søkjer om, men ved søknad om IBU-midlar må ein ofte legge ved næringsoppgåve, sjølvmelding, driftsplan, teikningar/planar, detaljerte kostnadsoverslag, jordleigeavtaler og verditakst. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål.

Søknadsfrist

Sykkylven kommune saksbehandlar søknadane etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover og retningsliner

Lover

Forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket (sjå under relaterte lenker)
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 19.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]