Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > NAV kommunal del Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Gjeldsrådgjeving

Kommunen gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan for eksempel vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også vere forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei gjeldsordningsavtale.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Personar med økonomiske problem / gjeldsproblem

Kriterium

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med fordringshavarane.

Pris

Tenesta er gratis.

Søknadsprosess

Rettleiing

Kontakt kommunen dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi eller dersom du har gjeldsproblem.

Vedlegg

Til det første møtet bør du ha med deg dette:
  • Kopi av dei tre siste lønns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekking av gjeld på desse utbetalingane)
  • Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke
  • Kopi av likningsattest
  • Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld
  • Ev. utleggsoppmodingar
  • Ev. innkalling til forliksrådet
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bustad
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bil

Lover og retningsliner

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 02.06.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]