Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Etablerarprøven for serveringsverksemd

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for servingsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har mottatt melding om at du ønskjer å avleggje prøven.

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Dagleg leiar i verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve

Kriterium

For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha klart etablerarprøven (dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova dersom ein skal skjenke alkohol) og ha god vandel. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette.

Pris

Kr 400,-. Forskuddsgebyr. Beløpet må vere innbetalt før du kan ta prøva.

Læremateriell og nettkurs - Etablererprøven

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta etablerarprøven. Opplysningar om læremateriell til etablerarprøven får du i kommunen. Sjå også lenke under Brosjyrer, dokument, kart og liknande. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

Handsaming

Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis.

Klagemuligheit

Det er ikkje høve til å klage, men du kan ta prøven om att.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 07.09.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]