Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Kunnskapsprøven - alkohollova

Styrarar og avløysarar for sals- og skjenkeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du står til kunnskapsprøven. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har mottatt melding om at du ønskjer å avleggje prøven. Personar som har tilknytting til ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (tog, fly, befalsmesser i forsvaret), kontaktar Fylkesmannen.

Kunnskapsprøven i alkohollova er ein fleirvalsprøve. Du vil få 60 minutt til å svare på prøven. For å ha stått i prøven må 24 av 30 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve.

Pris

Før du tar prøven, må du betale inn eit gebyr på kr 400,-. Prøven kan du ta fleire gonger dersom du ikkje står. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.

Læremateriell til etablererprøven - www.vinn.no

Kontaktinformasjon

Namn

Servicetorget

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 66 66

E-post

servicetorget@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta kunnskapsprøven. Opplysningar om kunnskapskrav til kunnskapsprøven og søknadsskjema får du i kommunen. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

Vedlegg

Legitimasjon

Handsaming

Når du har stått til kunnskapsprøven, skriv kommunen ut eit bevis.

Klagemuligheit

Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven om att.

Merknader

Personar som har tilknyting til ei verksemd med statleg skjenkeløyve (tog, fly, forsvarets befalsmesser), kontaktar Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 03.09.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]