Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Helse og omsorg Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Krisesenter

Sunnmøre krisesenter - logo

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte 
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine. Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde 
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.


KRISESENTER FOR SUNNMØRE

Kvinner eller menn som er, eller har vore utsett for psykisk og fysisk vald kan kontakte Krisesenter for Sunnmøre.

Tilbodet er interkommunalt for kvinner, barn og menn av alle nasjonalitetar. Du kan vere utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone/mann, barn og barnebarn eller andre.
Tilboda er gratis. Du tar direkte kontakt med oss, og treng ikkje tilvising eller timeavtale.

Vi støtter og gir råd på telefon gjennom både dagtilbod og døgntilbod. Her er eit trygt og mellombels butilbod (aleine eller saman med born). Vi hjelper med kontakt til naudsynt støtteapparat og skal sikre oppfølging. Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader i Ålesund:

  • Krisesenter for Sunnmøre - avdeling kvinner 70 16 33 33
  • Krisesenter for Sunnmøre - avdeling menn 90 70 74 33

Meir informasjon http://www.alesund.kommune.no/tjenester/barn-og-familie/barne-og-familievern/krisesenter


Trengst det meir informasjon ta kontakt med

  • Janne-Grete Juliebø Havnegjerde (93 21 62 80) (sjølve tenesta og avd. kvinner spesielt) eller
  • Anne-Marie Aasen (avd. menn) 97 59 62 06.

 

Omtale av tenesta

Målgruppe

Kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Samarbeidspartnarar

Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskott til drift av krisesenteret. Krisesenteret er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskott og godkjenner budsjettet til krisesenteret.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 10.10.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]