Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Bustønad

Bustønad er ein behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har lav inntekt og høge bukostnadar.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som handsamar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar.

Omtale av tenesta

Målgruppe

På Husbanken si nettside kan du sjå kven som har rett til bustønad, kva slags krav som er sett til bustaden og kva inntektsgrense som gjeld.

Sjekk om du kan få bustønad

Brosjyre

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken si nettside www.husbanken.no

Du kan også henvende deg på Servicetorget for å få hjelp og rettleiing
 
Besøksadresse:  Rådhuset,  Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Søknadsprosess

Skjema

Søknadsskjema finner du på nettsida til Husbanken
Søk bustønad

Papirsøknadar skal du sende til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

Søknadsfrist

Du kan søkje bustønad elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustønad er den 25. i kvar månad.
Utbetaling skjer ca. den 20. i den etterfølgjande månaden.

Handsaming

Kommunen tek imot søknaden anten elektronisk eller på papir, og kvalitetssikrar opplysningane. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden. Når søknaden blir behandla, blir det innhenta opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel folkeregisteret, Skatteetaten og NAV. Husbanken gjer det formelle vedtaket om søknad.

Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Du må gje skriftleg melding til kommunen dersom det skjer endringar. Du må straks melde frå:

- dersom inntekt eller formue går mykje opp eller ned (bruk skjema nedanfor)
- dersom du/de flyttar til ein ny bustad (da må du også søkje på nytt)
- dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
- dersom bukostnadane endrar seg
- dersom ein i husstanden blir student

Dersom du ikkje gir beskjed om endringar, kan for mykje utbetalt bustønad krevjast attende. Det er straffbart å føre opp uriktige opplysningar eller å unnlate å gje opplysningar. 


Melde frå om endringar

Klagemuligheit

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen. Hugs alltid å gje opp namn, fødselsnummer og kva saka gjeld. Forklar kva du meiner er feil og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Du må skrive under på klagen og leggje ved relevant dokumentasjon. Kommunen kan hjelpe deg å klage. Husbanken behandlar klagen innan to til seks veker og sender deg eit vedtak. Dersom du ikkje har fått medhald i klagen din, kan du be om at klagen din blir behandla av den uavhengige klagenemnda for Husbanken. Ønskjer du å søkje bustønad for komande månadar, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Klage på vedtak om bustønad

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 29.11.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte lenker 
Uten navn [4]