Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak

Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)

Kriterium

    Kommunen vil leggje vekt på:

  • - Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
  • - Arealets storleik og avkastningsevne
  • - Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
  • - Søkjarens livssituasjon

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Vedlegg

Kart over eigedommen

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets utløp. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Merknader

Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Lover og retningsliner

Lover

Sjå jordlova §§ 8 og 8a
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte dokumenter 
Uten navn [4]