Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Tilskot til drenering

Føremålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord - til fordel for både avlingar og miljø.

God drenering (grøfting) er viktig for å få gode avlingar. Store delar av dyrkajorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gjev dårlege veksttilhøve for plantane og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegere kvalitet. Dårleg drenert jord gjev òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

    Tilskotet kan ein ikkje gje der tiltaket fører til:

  • - monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • - stor fare for flaum og vassureining
  • - fare for skade på automatisk freda kulturminne
  • Tilskot kan ein heller ikkje gje der tiltaket er starta før tilskotet er innvilga.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Eigar av, eller føretak som leiger, tidlegare grøfta jordbruksareal med behov for ny drenering.

Samarbeidspartnarar

Kulturminnemyndet (kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen og Sametinget) skal uttale seg når tiltaket kan involvere interesser innanfor deira fagområde.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Når du søkjer om tilskot, må du nytte skjemaet frå Landbruksdirektoratet (lenkja finn du til høgre). Innvilga tilskot får du utbetalt etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå da søknaden blei innvilga.

Vedlegg

Grøfteplan med kart og miljøplan trinn 2 eller tilsvarande miljøinformasjon.

Søknadsfrist

15. april

Klagemuligheit

Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda i kommunen ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 30.03.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]