Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Jordprøver

Det er som kjent eit krav at alle føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon, og som har rett til produksjonstilskot i jordbruket, skal ha ein gjødselplan, jf. forskrift om produksjonstilskot.

For å kunne laga gode gjødselplanar er det naudsynt å kjenne næringsinnhald i jorda. Det kan ein finne ved å analysere jordprøver henta frå dei ulike teigane som skal gjødslast. Nye jordprøver bør takast minst kvart 4-8. år.

Gjødselplanen kan du anten laga sjølv, eller du kan kjøpe tenesta frå til dømes Norsk landbruksrådgjeving (NLR)/Landbruk Nordvest.

Kommunen har jordprøvebor til utlån og små pappesker til å samle jordprøvene i. Bestillingsskjema finn du til høgre.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Alle jordbruksføretak.

Pris

Prisliste finn du på euronfins.no. Kommunen tar kr 260 for innsending av jordprøver til Eurofins. Du kan sjølv sende inn prøvene til analyse.

  • Eurofins Agro Testing
  • Norway AS
  • Avdeling Jord og Planter
  • Postboks 3033, 1506 Moss

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]