Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Helse- og omsorg i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤

Sykkylven kommune har eit godt utbygd pleie- og omsorgstilbod gjennom heimebaserte sjukepleie- og heimehjelpsteneste, institusjons- og butilbod på Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), psykisk helseteam og tilbod til personar med ulike behov elles, m.a. med Haugbukta dagsenter.

I Haubukta finn du også NAV, helsestasjon, barnevernsteneste, PPT. Sykkylven legesenter held også til i same bygg.

Kommunen arbeider for å legge til rette for at personar som treng pleie- og omsorgstenester skal få dette i eigen heim så langt som mogleg. Dei meir enn 200 tilsette i pleie- og omsorgstenestene har høg kompetanse, eit godt arbeidsmiljø og store faglege utfordringar.

Kommunen har eit institusjons- og butilbod på BUAS til om lag 120 personar med heildøgns pleietilbod. Om lag 30 av desse plassane er institusjonsplassar, som vert nytta til både avlastnings- og rehabiliteringsopphald og langtidsopphald.

På BUAS tilbyr ein også leilegheiter i bufellesskap med felles kjøkken og opphaldsrom og fast bemanning.

På BUAS finn ein òg eit eige produksjonskjøkken, Jettegryta kafe, eit dagsenter for heimebuande, samt frisør og tilbod om fotpleie.

BUAS ligg naturskjønt til i sentrum, med nydeleg utsikt mot fjell og fjord. BUAS har sidan opninga i 2004 utvikla seg til å vere eit tilbod som tek i vare både fysiske og sosiale behov for mange eldre i kommunen.

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 07.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]