Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Barnevern i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Barnevernet i Sykkylven held til i Haugneset i Sykkylven. Du finn oss i 2.etg.

Barnevernet arbeider etter lov om barneverntenester, og kan sette i verk ymse tiltak avhengig av situasjon og type problematikk. Barnevernet skal sikre at barn og unge lever i omsorgssituasjonar som ikkje er skadeleg for dei, og sikre at barn får rett hjelp til rett tid.

Korleis gå fram?
Ei barnevernsak startar med at barnevernet får ei melding om eitt eller fleire barn. Meldingar kan komme frå skular, barnehagar, og andre offentlege instansar, frå foreldra eller andre private. Privatpersonar har moralsk, men ikkje juridisk ansvar for å melde frå om omsorgssvikt.
Offentlege myndigheiter og yrkesgrupper som politi, helsepersonell og tilsette i skule og barnehage har eit juridisk ansvar for å melde frå til barnevernet ved bekymring om barns omsorgssituasjon.

Kvar melder eg?
Meldinga kan oversendast barnevernet enten via telefon eller pr brev. Når barnevernet får inn ei melding, blir denne grundig vurdert, for å sjå om det er grunnlag for å undersøke saka nærare. Foreldra er dei første som blir kontakta dersom saka skal undersøkast.

Kan eg vere anonym?
Privatpersonar kan vere anonyme, men barnevernet vil råde til at folk står fram. Ein kan henvende seg anonymt til barnevernet for å få råd og rettleiing i høve til ei eventuell bekymring. Offentleg tilsette personar kan ikkje vere anonyme, men dei kan drøfte bekymringssaka anonymt.

Foreldre, barn og ungdom er velkomne til å ta kontakt med barnevernet. Mange familiar har opplevd at dei har fått god hjelp frå barnevernet i vanskelege situasjonar.
Tema - info [2] 
Web Redaktør , 07.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]