Det kommunale plansystemet

Kommunale planar er politiske styringsdokument som seier i kva retning Sykkylven kommune skal utvikle seg.
Planlegging skal bidra til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggande levevilkår for ulike grupper innanfor rammene av ei berekraftig utvikling.
Planlegging skal fremme ei utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Ein skal legge til rette for verdiskaping, næringsutvikling, gode bustadar og bumiljø, og gode oppvekst – og levekår, og fremme folkehelse og samfunnssikkerheit. Ein skal sikre vern av verdifulle landskap og natur- og kulturmiljø.
I planprosessane skal det leggast vekt på openhet, innsyn og medverknad.
Den juridiske heimelen for planarbeidet ligg i plan- og bygningslova.
Kommunen lagar også ulike planar som ikkje er heimla i plan- og bygningslova, men som tek utgangspunkt i eit tema eller tenesteområde, til dømes trafikktryggingsplan.
Økonomiplan, årsbudsjett og rekneskap er og ein del av plansystemet i kommunen.