Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Reguleringsplan

Reguleringsplanar er detaljerte planar med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader,for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eit eller fleire formål.

Føresegnene om reguleringsplanar finst i kap. 12 plan- og bygningslova.
Det er etter ny lov to typar reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.

Områderegulering blir brukt av kommunen der det er behov for meir områdevise avklaringer av arealbruken.

Alle har rett til å fremje framlegg til detaljregulering, men planen må vere utarbeidd av fagkunnige.
Eit krav etter lova er at private aktørar og kommunen skal ha ein førehandskonferanse for å avklare kommunen sine krav knytt til planen og ev. behov for konsekvensutgreiing (KU). 

RETTLEIING TIL UTARBEIDING AV REGULERINGSPLANAR

Til høgre under teneste finn du meir informasjon om utarbeiding av private planforslag.

Når planutkastet er utarbeidd i samsvar med kommunen sine krav, sender du det til kommunen. Kommunen overtar saka når planforslaget er vedtatt sendt på høyring.

Dersom planen blir avvist sjølv om han er i tråd med kommuneplanen, kan du krevje å få han lagt fram for kommunestyret.

Vedteken reguleringsplan gir rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og ev. ekspropiasjon.
Utbygginga må vere sett i gang seinast fem år etter at planen er vedtatt. Denne fristen kan etter søknad bli forlenga med to år om gongen.


GJELDANDE REGULERINGSPLANAR OG HØYRINGSDOKUMENT


Ei forenkla planoversikt som inneheld ei liste med gjeldande reguleringsplanar finn du til høgre under dokument.

Planar som er lagt ut til høyring ligg under høyringsdokument og nyheiter.

 

I kartløsningen SePlan får ein oversikt over godkjente reguleringsplanane i Sykkylven kommune. Der ligger ikkje plandokument. Dei kan bestilles gjennom servicetorget. 

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 07.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]