Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Oppmåling - frådeling - kart

¤EPII_TITLE¤ Her under er nemnd ein del reglar/dokument som vedkjem eigedomar og omsetning av desse med utgangspunkt i Delingslova.

Frådeling
Ein del av ein eigedom kan ikkje omsetjast eller pantsetjast utan at den først er blitt delt ifrå avgjevareigedommen og fått tildelt eiga registernemning. Oppmålinga står for frådelinga med grunnlag i gitt løyve frå bygningsmyndigheitene. Ei kartforretning inngår vanlegvis i ei delingsforretning.

Grensejustering/tilleggsareal til eigedommar
Slike saker kan somme tider underkastast forenkla sakshandsaming både når det gjeld løyve og gjennomføring. Oppmålinga gjev nærare opplysningar, og tek stilling til om tilleggsareal kan overførast gjennom grensejustering utan å gå vegen om deling og overskøyting.
Ved grensejustering er det eit krav at verdien på dei involverte eigedommane ikkje endrar seg vesentleg. Oppmålinga utfører justeringa som eiga sak eller som innslag i ei delingssak.

Grensepåvisning
Oppmålinga kan stikke ut ei eksisterande grense dersom det ligg føre målebrev med koordinatar.

Kartforretning
Ved kartforretning klarlegg og kartfestar oppmålinga grenser for eigedomar. Det kan rekvirerast kartforretning over heile eigdomar eller berre enkelte liner eller punkt.

Målebrev
Målebrev er dokumentet som oppmålinga utarbeider i samband med delingssak eller eiga kartforretning og gir opplysning om ein eigedom si registernemning, kartfesta grenser og areal dersom heile eigedomen er målt.
I nokre tilfelle kan oppmålinga gje ut eit forenkla målebrev utan nøyaktig kartfesta grenser - registreringsbrev. Eit vanleg tilfelle er når nokon vil dele ifrå ein teig av ein eigedom på ein slik måte at ingen nye grenser oppstår. Oppmålinga gjev nærare opplysningar.

Samanslåing av eigedomar
Eigedommar som støyter til kvarandre,(hovudregel), har samme heimelshavar og ordna panteforhold kan slåast i hop til ein eigedom. Den samanslegne eigedomen får registernemninga til ein av eigedomane. Heimelshavar rekvirerer, oppmålinga tilrettelegg og tinglyser. Tenesta er gratis.

Tinglysing
Oppmålingsprodukt som målebrev på ny eigedom, grensejustering og registreringsbrev skal tinglysast. I slike høve krev oppmålinga inn tinglysingsgebyret frå rekvirenten og sender til tinglysing ved Statens kartverk
Tema - info [2] 
Web Redaktør , 25.05.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]