Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Velkomen til Sykkylven

¤EPII_TITLE¤

Sykkylven kommune ligg sentralt til i hjartet av Sunnmørsalpane. Storfjorden skjer inn og deler kommunen i to, men Sykkylvsbrua gjer likevel avstanden kort mellom bygdelaga. Kommunen har passert 7.600 innbyggarar og er ein av dei kommunane på Nordvestlandet som har hatt auke i folketalet dei seinare åra. Med si ideelle plassering når ein Ålesund by med bil/ferje på berre 40 min. Der finn ein eit svært godt utbygt service- og kulturtilbod som utfyller det vi har i Sykkylven på ein flott måte. Det går ferje heile døgnet. Til Ålesund lufthamn Vigra brukar ein 50 min med bil/ferje. Flyttar ein seg i motsett retning i kommunen, kjem ein til Fjellsetra friluftsområde. Her finn ein flotte forhold for både sommar- og vinter - aktivitetar. Her er m.a. eit flott skianlegg med fleire skitrekk, lysløype, snøkanonanlegg og serveringsstadar. I tillegg finn ein fleire store hyttegrender kring det kjende Nysetervatnet, samt overnattingsstadar. Ein når Fjellsetra på 15 min frå sentrum i Sykkylven. Dei fleste kommunale tenestene er lokalisert til sentrum i Sykkylven med korte avstandar til dei ulike bygdelaga. Innanfor 15 min. så når ein sentrum frå bygdelaga. Vi har eit godt utbygt barnehage- og skuletilbod i kommunen. Fleire nye barnehagar har kome til dei siste åra. I 2009 er det opna 2 nye private barnehagar. I 2011 skal det står ferdig ein ny flott barneskule ved foten av Sykkylvsbrua. Kommunen er også kjend for sitt aktive idrett og kulturliv, samt eit blomstrande næringsliv der møbel er den dominerande industrigreina.

Aktivt næringsliv

Sykkylven kommune har eit svært aktivt næringsliv med små og store bedrifter som skaper mange gode arbeidsplassar. Nærings - livet er mangfaldig og landets største konsentrasjon av møbelprodusentar ligg her. Møbel industrien er internasjonalt kjent for både design, kvalitet og sin høgteknologiske produksjon. I Sykkylven har vi fleire industrigreiner. Her finn du blant anna produksjon av transformatorar, -utstyr til skip og oljeinstallasjonar, - emballasje, -stålkomponentar, -bygningsprofilar og bade - roms innreiingar. Med grunnlag i industrien har også eit stort nettverk av underleverandørar og servicebedrifter vakse opp. Her er anerkjende design- og arkitektkontor, reklame- og marknadsføringsbedrifter, maskin- og teknologi - leverandørar, bygg- og anleggsfirma og mykje meir. For at industri og næringsliv skal utvikle seg og vere konkurransedyktige i ein internasjonal marknad, er det viktig å trekke til seg arbeids - kraft med høg kompetanse. Ettersom vi har eit så breidt og allsidig behov for arbeidskraft, kan vi også lettare tilby jobb nummer to til ektefelle eller sambuar. Næringslivet og kommunen samarbeider for at Sykkylven skal vere ein god kommune å bu i med mange attraktive fritids - tilbod som idrett, musikk og kultur, jakt, fiske og ein fantastisk natur med fleire alternativ til turar. Bustad, barnehage, skule og skulefritidsordning er andre viktige faktorar når næringslivet søkjer etter arbeidskraft. Sykkylven kommune ønskjer også ny bedrifter velkomne, og tilbyr næringsareal og tomter for ulike næringstypar.

For meir informasjon, kontakt Sykkylven Næringsutvikling Postboks 190, 6239 Sykkylven Tlf. 96 01 24 10

Barnehage og skule

I Sykkylven er det fem kommunale og fire private barnehagar i drift. Alle barnehagane i kommunen er godkjende for barn frå 1- 5 år. Barnehagane ligg spreidd i heile kommunen og tilbyr ulike opphaldstider. Kommunale barne - hagar har 60, 80 og 100% plassar, medan nokre av dei private i tillegg har 40 og 50% plassar i sitt tilbod. Det er full barnehagedekning i kommunen. I tillegg til hovudopptak frå 1. august har vi fortløpande opptak gjennom året for nye søkjarar. Dei fleste barnehagane er med i ”den sykkylvske barnehage” under visjonen ”Ein plass for den gode barndom” . Felles verdigrunnlag for barnehagene som er med er: Trivsel, Tryggleik, Glede, Fellesskap og Læring. Målet er at ein i fellesskap skal skape ein god og innhaldsrik barnehage for alle barna, dei føresette og dei tilsette. Sykkylven kommune har i dag ein desentralisert skulestruktur med fleire barne skular. Det er SFO ordningar ved dei fleste av skulane. Kommunen har ein ungdomsskule/opplærings - senter som er lokalisert i sentrumskrinsen. Skulen er ny og godt utstyrt med spesialrom. Opplæringssenteret har ansvar for vaksne med rett til grunnskuleopplæring og for norsk- opplæring til minoritetsspråklege vaksne. Det er eit godt samarbeid mellom skulane om felles mål og utviklingsområde. Grunnskulen har "Ped It" som læringsplattform, og digital kompetanse er satsingsområde på alle nivå. Vurdering av - og for læring er eit anna satsingsområde for grunnskulen i Sykkylven. Sykkylven vidaregåande skule finn ein sentralt plassert ved ungdomskule, kulturhus og idrettshall. Ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i bygda samarbeider om felles opplegg for at overgangen mellom skuleslaga skal bli best muleg.

Musikk, kultur og idrett

Kommunen har eit breidt kulturtilbod, tilpassa innbyggarane i alle aldrar. Vi har musikk- og kulturskule, bibliotek, naturhistorisk museum og ulike kulturminnesmerke. Biblioteket, som ligg i Wellebygget i sentrum, har ei variert samling av litteratur, aviser, tidsskrifter og eiga barne- og ungdomsavdeling. Her finn ein og video, dvd, lydbøker og språkkurs og PC for internettsurfing. Det er også lagt til rette for eit aktivt idrettsliv gjennom ein moderne idrettshall, kunstgrasbane og to symjehallar. I Hundeidvik finn ein motocrossbane som er flittig brukt av ungdommen. Kommunen har nytt skyteanlegg med mange fasilitetar. Kommunen har satsa på fleire tiltak for ungdom mellom anna med ”Open Storhall” kvar fredag og Sykkylven har vore ”MOT” kommune i fleire år.

Sykkylven kommune har to kyrkjesokn. Det er
Sykkylven sokn og Ikornnes sokn. Begge sokna har eigne kyrkjer. Kyrkjekontoret held til i Sykkylven kyrkje på Aure.

Mange lag og organisasjoner

Sykkylven har eit rikt og aktivt foreiningsliv som engasjerar medlemmar heile året. Vi har også mange tilbod til barn og unge. På kommunen si heimeside vil du finne om lag 80 lag og foreiningar innan alle interesseområde – frå sport, kor, korps og spel til religiøse lag, husflidslag, båtforeiningar, ungdomsklubbar og speidargrupper.

Ski, badeanlegg og båtliv

Sunnmørsalpane skiarena - Fjellseter, ligg berre ein kort køyretur frå sentrum. Her ligg snøen lenge, og er eit eldorado for langrennsutøvarar og alpinistar, men det er også eit fantastisk tur -område for friluftsliv i sommarhalvåret. Råna er den høgaste toppen med sine 1586 meter over havet. For den som likar lavlandet, er bade - anlegget på Ikornnes eit alternativ. Sykkylven har to båthamner og ei lang kystline med mange mulegheiter for båtinteresserte. Straumgjerde sine folkestiar er godt tilrettelagt og ein kan gå fine turar langs Fetvatnet eller på stiar i skogen.

Helse og omsorg i Sykkylven

Sykkylven kommune har eit godt utbygd pleie og omsorgstilbod gjennom heimebaserte sjukepleie- og heimehjelpsteneste, institusjon og butilbod på Sykkylven bu- og aktivitetsenter (BUAS), psykisk helseteam og tilbod til personar med ulike behov elles, m.a. med Haugbukta dagsenter.I Haugbukta finn du også NAV, helsestasjon, barnevernsteneste, PPT. Sykkylven legesenter held også til i same bygg.

Kommunen arbeider for å legge til rette for at personar som treng pleie- og omsorgstenester skal få dette i eigen heim så langt som mogleg. Dei meir enn 200 tilsette i pleie- og omsorgs -tenestene har høg kompetanse, eit godt arbeidsmiljø og store faglege utfordringar. Kommunen har eit institusjons- og butilbod på BUAS til om lag 120 personar med heildøgns pleietilbod. Om lag 30 av desse plassane er institusjonsplassar, som vert nytta til både avlastnings- og rehabiliteringsopphald og langtids opphald.

På BUAS tilbyr ein også leilegheiter i bufellesskap med felles kjøkken og opphaldsrom og fast bemanning.

På BUAS finn ein òg eit eige produksjonskjøkken, Jettegryta kafe, eit dagsenter for heimebuande, samt frisør og tilbod om fotpleie.

BUAS ligg naturskjønt til i sentrum, med nydeleg utsikt mot fjell og fjord. BUAS har sidan opninga i 2004 utvikla seg til å vere eit tilbod som tek i vare både fysiske og sosiale behov for mange eldre i kommunen.

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 06.08.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
ElementRelaterte - alle gruppert 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]