Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Koordinerande eining

¤EPII_TITLE¤

Koordinerande eining i Sykkylven kommune er organisert i stab hos Rådmannen, og har virkeområde på tvers av alle einingane.

Hovudoppgåve:
Koordinerande eining sin hovudoppgåve er å bidra til at de som har samansette og langvarige behov for tenester opplever ein samanhengande behandlingsteneste. Alle kommunar er pålagt etter norsk lovverk å ha ei koordinerande eining j.fr:
"Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. kap.7" og 
"Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator".

Organisering:
Koordinerande eining har regelmessige samarbeidsmøter med dei ulike einingane innan for pleie og omsorgstenestene i Sykkylven kommune. I tillegg vert det nært samarbeid med dei tre rådgivande i stab hos Rådmannen ( Skule, barnhage og helse og omsorg) både på generelt nivå og i forhold til enkelt saker etter samtykke med brukar.

Koordinerande eininga skal:

  • -Bidra til å sikra heilskapleg tilbod til personar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering
  • -Ha oversikt over og nødvendig kontakt med aktuelle samarbeidspartnar både internt i Sykkylven kommune og eksternt f.eks. Helsefortaka og andre statlege eller private institusjonar.

Kven kan ta kontakt?

·  Koordinerande eining er kontaktsted for alle som har spørsmål om koordinering av helse- og sosialtenester. Pasientar, brukarar, føresette/pårørande og tilsette i og utanfor kommunen. 
·  Pasientar og brukara som mottar tenester og ynskjer individuellplan.

Kven kan dette vere aktuelt for:

  • -Personar i alle aldrar
  • -Personar som treng hjelp frå fleire tenesteområde for å kunne fungere
  • -Personar som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungere i dagleglivet
  • -Personar med gradvis fall i funksjonsevne over lengre tid.
  • -Personar med medfødt funksjonssvikt
  • -Personar med fysiske, psykiske eller sosiale problem
  • -Personar som treng hjelp til å planleggja/meistra nye situasjonar i livet

Oppgåver :

  • -Å ha oversikt over tenester som eksisterer i Sykkylven kommune, og formidle kontakt med dei som er aktuelle for deg.
  • -Vere ein stad å vende seg til for dei som mottar tenester, tenesteytarar og samarbeidspartnarar.
  • -Kan bidra med hjelp og rettleiing til å fylle ut søknad om pleie og omsorgsteneste
  • -Sikre kontinuitet og samarbeid mellom dei ulike tenestene, og at tilboda blir sett i samband for brukarens beste.
  • -Ansvar for å avklare vanskelige spørsmål og vidare handsaming rundt koordinering i komplekse og ressurskrevjande saker
  • -Å legge til rette for at bruker kan vere medverkande, brukaren sin eigen innsats er sentral for å oppnå ein best mogeleg funksjon og mestring.
  • -Har eit overordna ansvar for arbeidet med individuell plan.

               -Ta imot og behandla søknader om individuell plan.

               -Sørgje for at det blir utarbeidt rutinar og prosedyrar for arbeid med individuell plan.

               -Ha overordna ansvar for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar.

                -Gi generelle råd og rettleiing rundt koordinering og individuell plan.

Koordinator og individuell plan:

Er du eller ein av dine nærmaste i ein situasjon der du har behov for langvarige og koordinerte tenester kan du ha rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Ein må sende inn søknadsskjema om individuell plan til koordinerande eining dersom du har behov og ynske om dette. Du har rett til å vere med å påverke kven du ynskjer som koordinator. Saka di vil bli behandla og du vil enten få godkjent søknaden eller få avslag på søknaden.

Dersom du skal ha ein individuell plan har du rett til å medverka i å utarbeide denne, og tenesteapparatet har eit ansvar for å leggja til rette for slik medverknad.

Hensikta med individuell plan er å avklare ansvarsforhold og sikra samordning av dei ulike tenestene saman med den som har individuell plan og eventuelle pårørande. Personen sin livskvalitet, slik vedkommande sjølv definerer den, med ønske, behov, problemstillingar og ressursar, skal liggja til grunn for utforminga av planen.
Ein individuell plan gir likevel ikkje rett til andre tenester enn det som går fram av anna regelverk.

Dersom ein har eit behov for koordinering av tenestar men ikkje har behov for eller ynskje  om ein individuell plan, kan du få oppretta ein koordinator av kommunen. Ta i tilfelle kontakt med koordinerande eining.

Kontaktperson:

Anita Kjersheim

Tlf. sentralbord:

70 24 65 00

Tlf. direkte:

70 24 65 53

Mobil:

91 89 87 53


e-post: anita.kjersheim@sykkylven.kommune.no

Vil du vite meir:

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.

Pasient- og brukerrettighetslova.

Koordinerende enhet binder tjenestene sammen

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

Koordinerande eining Helse Møre og Romsdal

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 26.06.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]