Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Innsatsteam

Kva er Innsatsteam?

Innsatsteam er eit av tiltaka Sykkylven kommune satsar på for å bidra til ein aktiv alderdom med god livskvalitet for innbyggjarane.

- Er tverrfagleg samansett av ergoterapeut, fysioterapeut og rehabiliterings-sjukepleiar. 

- Har tilbod om ein intensiv innsats i ei tidsavgrensa periode, for at du skal kunne klare deg best mogleg i kvardagen.

- Oppfølginga skjer heime hos deg eller i ditt nærmiljø, og vi samarbeidar tett med heimetenesta ved behov.

Kva gjer vi?

  • Kartlegging: Vi gjennomfører ei kartlegging der utgangspunktet er kva som er viktig for deg å meistre i ditt liv slik det er no. Saman med deg set vi konkrete mål for kva du vil meistre i kvardagen.
  • Innsats: Innsatsen består i hovudsak av trening i daglege gjeremål. Vi lagar ein plan for kva vi saman skal trene på i ein avtalt tidsperiode, for at du skal nå måla dine.
  • Avslutning: Vi tek ei oppsummering med utgangspunkt i dei måla du satte ved oppstart, og legg ein plan for vegen vidare.

Målgruppa for teamet er:

  • Du som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før og slit med å meistre til dømes personlig stell, matlaging eller andre aktivitetar.
  • Du som skal heim frå sjukehus eller korttidsopphald på BUAS og treng ekstra støtte og trening i ein overgangsfase.
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad, og er villig til å gjere ein ekstra innsats for å bli meir sjølvhjulpen.

Kvifor rehabilitering i heimen?

Folk flest ønskjer å vere aktive og bu heime lengst mogleg. Ein ønskjer å kunne utføre kvardagslege aktivitetar og å delta i sosiale samanhengar. Ved å trene i heimen og nærområdet ditt kan vi sjå kva utfordringar du har i kvardagen, og vi kan trene på dei aktivitetane du faktisk treng å meistre. Døme på dette er:

  • Å gå trappa i huset ditt
  • Å komme deg inn og ut av dusjen din
  • Å tilberede mat ved din eigen kjøkkenbenk
  • Å gå utandørs
  • Å hente posten
  • Å handle varer i butikken

Kontaktinfo

Både pårørande og du sjølv kan ta direkte kontakt med teamet for å få ei vurdering på om dette kan vere eit aktuelt tilbod for deg.

Tone K. Gjersrud, ergoterapeut – tone.klakken.gjersrud@sykkylven.kommune.no  tlf 959 77 099

Anita Westerås, fysioterapeut – anita.westeras@sykkylven.kommune.no  tlf 918 98 743

Marita B. Andreassen, rehabiliteringssjukepleiar – marita.andreassen@sykkylven.kommune.no

 

 

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 14.09.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
ElementRelaterte - alle gruppert 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]