Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Feiing og tilsyn av fyringsanlegg

Feiaren i Sykkylven har ansvar for feiing og tilsyn av ca. 2800 fyringsanlegg. Feiing og tilsyn er heimla i Lov om vern mot brann eksplosjon m.v. og Forskrift om brannforebygging.

Framgangsmåten ved feiing og tilsyn

  • Varsel om feiing vert lagd i postkassa eller på dør til bustaden 2 til 5 dagar før feiing
  • Varsel om tilsyn vert sendt som brev, og huseigar skal vere varsla 2 til 5 dagar før tilsynet
  • Feiing vert utført til avtalt dag. Tilsyn vert utført til avtalt klokkeslett

Underretning til huseigar dersom det er feil/manglar ved fyringsanlegget eller tilkomsten for feiing.

Huseigar får rapport etter utført tilsyn.

Feiing skal utførast etter behov, kommunen har tidlegare vedteke at feiing skal utførast kvart andre år og tilsyn kvart fjerde år. Etter den nye forskrifta omfattar feiing og tilsyn også fritidsbustadar, men det arbeidet er ikkje kome i gang endå.


Feiegebyr

Gjeldande feiegebyr finn du i betalingsregulativet for tekniske tenester - sjå til høgre på sida.

Feiegebyr forfell til betaling samstundes med 2. termin for kommunale eigedomsgebyr.

Eigar av bustad blir fritatt for feiegebyr dersom ein ikkje har tilkopla eldstad til pipa. Fritidsbustader har ikkje gebyr.

Meldeplikt

Det er plikt å melde frå til kommunen ved montering av eldstad.

Tiltak som ikkje krev søknad og tillatelse etter Plan og bygningsloven. § 20-5. mindre tiltak i eksisterende byggverk.

Tiltak som ikkje krev søknad og tillatelse Byggesaksforeskriften § 4-1

Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterende byggverk innenfor en bruksenhet eller branncelle.


Søknadsplikt

Oppføring og rehabilitering av skorstein er søknadspliktig i følgje Plan og bygningslova § 20-1 f.


Feiing/tilsyn

Ved feiing og tilsyn blir det lagt opp til ein positiv og god dialog med huseigar/brukar. Feiaren vil ved tilsyn av fyringsanlegget og kontrollere røykvarslar, sløkkjeutstyr og rømingsvegar i bustaden, samt snakke om generell branntyggleik i bustaden.


Røykvarslar
( § 7 Forskrift til brannforebygging )

Det er krav om at alle bustadar også fritidsbustader skal ha minimum ein godkjent røykvarslar i kvar etasje, som skal dekke kjøkken, stove, sone utanfor soverom og sone utanfor teknisk rom. Alarmen skal høyrast tydeleg på alle soveromma når dørene mellom romma er lukka. Ein bør ha røykvarslar i alle soverom og opphaldsrom. Brannvernet anbefaler røykvarslarar med seriekopling.


Sløkkjeutstyr
( § 7 Forskrift om brannforebygging )

Eigar skal og sørgje for at bustadar og fritidsbustadar er utstyrt med manuelt sløkkjeutstyr som kan brukast i alle rom. Eigar skal sørgje for at bustad og fritidsbustad er utstyrt med minst eit av følgjande sløkkeutstyr:

- Formfast brannslange med innvendig diameter på minst 10 mm som er fast tilkopla vassforsyningsnettet.    

- Pulverapparat på minst 6 kg med ABC - pulver

- Skum- eller vassapparat på minst 9 liter

- Skum- eller vassapparat på minst 6 liter med effektklasse på minst 21A

- Anna manuelt sløkkjeutstyr med tilsvarande sløkkjekapasitet

Eigar skal sørgje for at røykvarslar og manuelt sløkkjeutstyr i bustadar og fritidsbustadar vert kontrollert med funksjonsprøve eller ettersyn i samsvar med leverandørens rettleiingar, og at dei vert vedlikehalde slik at dei fungera som tiltenkt.


Rømingsvegar

Eigar av eitkvart brannobjekt skal sørgje for at rømingsvegane til kvar tid dekkjer behovet for rask og sikker røming. Frå bustad kan vindauge som har underkant mindre enn fem meter over planert terreng være en av rømingsvegane, dersom føresetnadane til vindauge som rømingsveg er oppfylt. Vindauge som ligg høgare enn fem meter over planert terreng kan nyttast som rømingsveg, når det er gjord tiltak som gjev tilsvarande sikkerheit. Vindauge i soverom bør generelt vere til å opne.

Ved spørsmål ta gjerne kontakt.

kjetil.hanssen@sykkylven.kommune.no

      Tema - info [2] 
      Web Redaktør , 27.02.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
      Fri tekst [4] 
      Fri tekst [3] 
      Fri tekst [2] 
      Lenke (kun bilde) [4] 
      Fri tekst [1] 
      Uten navn [4]