Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Det kommunale plansystemet

Det kommunale plansystemet
Fotograf: Annegret Siejak

Kommunale planar er politiske styringsdokument som seier i kva retning Sykkylven kommune skal utvikle seg.

Planlegging skal bidra til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggande levevilkår for ulike grupper innanfor rammene av ei berekraftig utvikling.

Planlegging skal fremme ei utvikling til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar. Ein skal legge til rette for verdiskaping, næringsutvikling, gode bustadar og bumiljø, og gode oppvekst – og levekår, og fremme folkehelse og samfunnssikkerheit. Ein skal sikre vern av verdifulle landskap og natur- og kulturmiljø.

I planprosessane skal det leggast vekt på openhet, innsyn og medverknad.

Den juridiske heimelen for planarbeidet ligg i plan- og bygningslova. Ny plan- og bygningslov vart vedteken i 2008, og trer i kraft frå 1.7.09.

Kommunen lagar også ulike planar som ikkje er heimla i plan- og bygningslova, men som tek utgangspunkt i eit tema eller tenesteområde, til dømes trafikktryggingsplan.

Økonomiplan, årsbudsjett og rekneskap er og ein del av plansystemet i kommunen.

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 07.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
ElementRelaterte - alle gruppert 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]