Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Natur og miljø

Natur og miljø
Fotograf: Mandy Häger

Seksjon landbruk og miljø (landbrukskontoret) held til i 3 etasje på rådhuset.
På denne sida finn du informasjon og nyheitar om natur og miljø i Sykkylven kommune.


Kontaktinformasjon:
Karl Johan Stadsnes, tlf. 70 24 67 05
________________________________________________________________

Naturmangfaldlova

Føremålet med naturmangfaldlova er å ta vare på mangfaldet i naturen ved berekraftig bruk og vern. Naturmangfaldlova har mellom anna reglar om forvaltning av artar, framande organismar, utvalde naturtypar, områdevern, genetiske ressursar og alminnelege føresegner om berekraftig bruk. Reglene gjelder på tvers av ulike sektorar. 

Naturmangfaldlova trådde i kraft 1. juli 2009. Lova erstatta naturvernlova av 1970 og tok og opp i seg delar av viltlova og lakse- og innlandsfisklova. Bakgrunnen for lova var mellom anna FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), som ga ei ny ramme for  heilskap i naturforvaltninga, med fokus på samanhengen mellom bruk og vern.

Prioriterte artar og utvalde naturtypar 

Nokre artar og naturtypar er så sjeldne eller har gått så tilbake at det er stor risiko for at dei forsvinn. Mange av desse trua artane og naturtypane treng at vi set inn tiltak for at vi skal klare å ta vare på dei. Viktige føresegn for å ta vare på trua natur, er prioriterte artar og utvalde naturtypar.

Ved å prioritere ein art blir det fastsett forbod mot alle uttak, skade eller øydelegging av arten. Ein art kan også prioriterast om det følgjer av internasjonale avtalar, eller om Noreg har ansvar for ein art det finnes mange av i Noreg, men som det er få av i Europa eller reisten av verda. Om det er naudsynt, vert det laga raglar for kva som er lov og ikkje i dei viktigaste leveområda til arten (til dømes hekkeområde, kalvingsområde osv),  såkalla økologiske funksjonsområde. Det kan også vere reglar om skjøtsel eller naudsynte andre tiltak, til dømes slått for å hindre gjengroing, hogst for å gi nok lys til arten eller fjerning av  skadelege framande artar.

Det er regjeringa som avgjer at ein art skal bli prioritert. Det er fylkesmannen som forvaltar prioriterte artar. Det er så langt vedteke åtte prioriterte artar:

-  fuglane dverggås og svarthalespove
-  insekta elvesandjeger, eremitt og klippeblåvinge
-  plantene dragehode, honningblom og raud skogfrue

Utvalde naturtypar er reglar om berekraftig bruk og ikkje vern. Døme på naturtypar er kalkrike enger, elvedelta, sanndyner og kystlynghei. Også einskilde gamle tre, med alle dei artane som lever i eit slikt tre, kan vere ein naturtype. Eit døme på ein slik naturtype er hule eiker, som kan innehalde så mange som 500 artar. Kvar naturtype har sine særskilte artar og miljøforhold som desse artane er avhengige av. At ein naturtype blir utvald, inneber at alle skal ta særskilde omsyn til den når dei brukar naturen, driv med arealplanlegging eller anna forvaltning. I og med at reglane ikkje inneber vern, betyr det at ein nokon gonger kan la andre omsyn få prioritet og at enkelte førekomstar kan bli øydelagd.

Det kan være fleire årsaker til at ein naturtype bør få status som utvald. Mellom anna kan det vere at den er trua eller har hatt stor tilbakegang, at Noreg har ein stor del av naturtypen, at det følgjer av internasjonale avtalar eller at den er levestad for trua artar. Det er regjeringa som kan avgjere at ein naturtype skal bli ein utvald naturtype.

Det er så langt vedteke fem utvalde naturtypar:

slåttemark
-  slåttemyr
-  kalksjø
-  kalklindeskog
-  hule eiker

I Sykkylven er det registrert 3 slåttemarkslokaliteter. Meir informasjon om utvalde naturtypar og prioriterte artar finn du på Miljødirektoratet sine nettsider.

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 23.02.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]