Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post
Lenke (kun bilde) [1] 

Uten navn [2] 

Lenke (kun bilde) [3] 
Lenke (kun bilde) [2] 
Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Samfunnstryggleik, krise og beredskap

Politi
Fotograf: Ukjent Brannbil
Fotograf: Ukjent Ambulanse - illustrasjonsbilete
Fotograf: Midt-Norge HF
Politi 112 Brann 110 Ambulanse 113

Naudetatane ovanfor er i beredskap døgnet rundt


Samfunnsberedskap i Sykkylven kommune:

Kommunen si beredskapsplikt er heimla i sivilbeskyttelseslova §§ 14 og 15 og i forskrift om kommunal beredskapsplikt, og skal gjennom sitt beredskapsplanverk kunne handtere uønska hendingar. I tilegg skal alle kommunar gjennomføre ei heilskapeleg risiko- og sårbarheitsanalyse for kommunen.

Sykkylven kommune har ei kriseleiing som kan koordinere innsatsen ved ei uønska hending. I tillegg har kommunen ei omsorgsberedskapsgruppe som vert aktivert når det er behov for det. I kriseplanverket er det ressursoversikter og viktig kontaktinformasjon.

Kommunen har også ein brannberedskap, som er ein viktig del av den samla samfunnsberedskapen.


Informasjon:

Informasjon som gjeld skadestad, skadde, pårørande og andre involverte er politiet sitt ansvar.

Generell informasjon frå kommunen vil bli gitt i tilgjengelege media; heimesida, NRK Møre og Romsdal m.m.

Kriseleiinga sin informasjonsplan vil tre i kraft i ein krisesituasjon. Informasjonstenesta vil jamleg formidle informasjon frå kriseleiinga. Denne vil halde kontakt med media, arrangere pressekonferanser, sende ut pressemeldingar m.v.

Ved større landsomfattande hendingar har Regjeringa oppretta ei eiga nettside www.kriseinfo.no
Her finn ein viktig informasjon frå styresmaktene før, under og etter kriser.

Tema - info [2] 
Web Redaktør , 19.03.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Fri tekst [4] 
Fri tekst [3] 
Fri tekst [2] 
Lenke (kun bilde) [4] 
Fri tekst [1] 
Uten navn [4]