Skravlekoppen

Biblioteket har fått på plass «Skravlekoppen», eit sosialt tiltak for å kjempe mot einsemd i samfunnet. Kort forklart er skravlekoppen ein grøn kaffikopp der det står «skravlekoppen», den signaliserer at den som drikk av den gjerne tek av ein prat med andre. Då kan folk som er innom sjå at det sit fleire som gjerne vil ha ein samtalepartner, noko som gjer det enklare å ta kontakt. Koppen viser ikkje om ein er einsam, eller ynskjer å stille opp for nokon som er det. Den indikerer berre at vedkomande er open for å slå av ein prat. Koppen, samt kaffi, vil stå framme kvar dag i opningstida slik folk kan nytte seg av den.

Biblioteket vil og innføre jamlege skravlekopp-treff slik vi får samla fleire folk samstundes, slik folk er garantert ein samtalepartner. Alle som ynskjer er hjarteleg velkomne, anten dei er einsame eller ynskjer å vere med på å motverke einsemd.

Dato
18. oktober 2024
Tid
12:00 - 14:00
Stad
Sykkylven bibliotek

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
NaN

Arrangør

Sykkylven bibliotek
Adresse
Pilgata 10, Postboks 205
Postnummer og stad
6239 Sykkylven

Kontakt

Helen Seth