Lærling i Sykkylven kommune

Vi meinar det er viktig å satse på lærlingar for å vidareutvikle yrkesfaga og tenestane. Difor satsar vi på fagutdanning. 

Vi tek inn lærlingar fortløpande gjennom året, men med hovudinntak med frist 1. mars. Alle elevar som ønskjer lærlingplass i hovudopptaket i mars må huske å søkje i VIGO samt sende søknad til Sunnmøre opplæringskontor

Sykkylven kommune er medlem i eit aktivt opplæringskontor som driv eit omfattande informasjons-, rekrutterings- og rettleiingsarbeid mot lærlingane. 

Løn i lærlingtida 

Læretida inneheld ei opplæringstid og ei verdiskapingstid. Løn til lærlingen er fastsett til 50 % av minsteløn for fagarbeidar. Fag som følgjer hovudmodellen har 2 år opplæring i skule og 2 år i kommunen. Årsløna er for tida kr  415.300 fordelt over 2 år, som utgjer kr 17.304 pr. månad. Eventuelle turnustillegg leggast til. 

I tillegg kan lærlingen søkje stipend og lån frå lånekassa i læretida. Sjå informasjon på Lånekassen 

Vi er godkjent lærebedrift for følgjande lærefag: 

  • Barne- og ungdomsarbeiderfag.
  • Helsearbeiderfag.
  • It-driftsfag.

Lenker

Sunnmøre Opplæringskontor

Korleis bli lærling

Kontakt

Cathrine Hovdenakk
Personalsjef
E-post
Mobil 92 40 72 18

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post