Sykkylven kommune sitt verdigrunnlag er:
Vere ei kommune der skaparglede er ein gjennomgåande verdi for heile lokalsamfunnet og er med på å skape trivsel, sosiale og friske menneske som meistrar eigen kvardag.
Verdiane være er føreande for arbeidet vi gjer, og for korleis vi løyser samfunnsoppdraget vårt.
Verdiane “Skaparglede, trivsel og meistring” speglast i:
Skaparglede
Sykkylven skal vere ei innovativ kommune med digitale løysingar der innbyggjaren settast i sentrum. Organisasjonen skal sørge for at idear, folk og verkemidler knyttast saman på måtar som gjer det naturleg og enkelt å medverke i utviklinga av kommunen. Kommunen skal la dei tilsette utfalde skaparglede og engasjement slik at dei ser moglegheiter og klarer å omsette idear til handling. Samarbeid inspirerar til nytenking, og kreative og skapande evner bidreg til å berike arbeidsmiljøet og samfunnet.
Trivsel
Vi skaper trivsel på arbeidsplassen ved at alle medarbeiderane tek ansvaret for heilskapen og bidreg med sine evner og kunnskap. Vi viser tillit, vektlegg at den enkelte medarbeidar utvikler seg, opplever meistring og yter sitt beste.
Vi er ein inkluderande organisasjon som byggjer på demokratiske verdier. Hos oss skal det vere mogleg å utfordre etablerte sannheiter og å foreslå nye og betre løysingar. Ytringsfriheit står heilt sentralt for oss. Kvar og einskild av oss har eit peronleg ansvar for å sette søkelys på forhold som er problematiske, og å undersøke moglegheiter for forbetring.
Meistring
Vi tar ansvar for at oppgåvene våre løysast på ein måte som skapar tillit til kommunen. Dei tilsette er organisasjonen sin absolutt viktigaste ressurs. Våre tilsette si kompetanse, meistring og profesjonalitet dannar grunnlaget for at vi skal kunne løyse oppgåvene våre til det beste for våre innbyggjarar. Saman jobbar vi for å vere ei omstillingsdyktig kommune som er prega av ein sterk tillits- og læringskultur.
Meistring er grunnleggande for sjølvbiletet, tryggheit og ei positiv oppleving.