Familiestøttande teamEr eit gratis lågterskeltilbod som tilbyr støtte og oppfølging til gravide, og familiar med barn (0-18 år) som har behov for hjelp knytt til psykisk helse, relasjonar og meistring i kvardagen. Publisert 22.12.2025 11.41 Sist endra 02.10.2026 10.33 Familiestøttande team Familiestøttande team er tverrfagleg samansett og består av familieterapeutar, sjukepleiar, spesialpedagog, barnehagelærar, barnevernspedagog og PMTO- terapeutar. Vi jobbar ut i frå eit system- og familieperspektiv der målet er å skape varig endring. Vi tilbyr: Kartlegging, rettleiing og oppfølging av gravide, barn og unge (0-18 år) og deira familiar Hjelp til å tilvise vidare ved behov for utgreiing og lengre oppfølging av spesialisthelsetenesta eller andre Behandling av lette til moderate psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar, relasjonelle/ familiære utfordringar og reaksjonar på belastande livshendingar Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular Rettleiing og fagstøtte til personell og tenester som arbeider mot målgruppa Slik tek du kontakt Alle henvendingar gjerast via digitalt kontaktskjema. Dette gir rask og sikker handsaming av førespurnadar, og sikrar at familien får tilbod om rett kompetanse og hjelp. Kontaktskjema for familiestøttande teamDu kan også ta kontakt med oss på telefon for ein drøft eller for å avtale ein uforpliktande samtale. Har du behov for akutthjelp må du ta kontakt med lege/legevakt, tlf.nr. legevakt: 116 117.