Barnekoordinator

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, der barnet har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester kan søke om ein barnekoordinator.

Kva er ein barnekoordinator

Ein barnekoordinator kan hjelpe familien med å: 

  • ha oversikt over og koordinere tenestene de og barnet har kontakt med.
  • gi dykk informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og pliktar.
  • gi informasjon om nødvendige velferdstenester og frivillige brukarorganisasjonar. 
  • få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv fritt får formidle kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp.
  • sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det.
  • styrke det tverrfaglege samarbeidet ved mellom anna å delta i ansvarsgruppemøte.
  • gi rettleiing slik at de kan medverke til avgjerder knytt til saka til barnet.

Korleis få tilbodet? 

Foreldre/føresette kan søke om barnekoordinator. Barnekoordinator kan innvilgast før fødsel. 

Søknadsskjema 

For å få barnekoordinator kan du sende inn dette skjema:

Søknadsskjema

Eller du kan ta kontakt med Tenestekontoret pr. tlf: 94158814.

Kva skjer vidare?

Når tildelinga er klar, vil barnekoordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring. Koordineringa skal skje i samarbeid med foreldra og barnet, og tenesteapparatet skal leggje til rette for dette.

Lovgrunnlag

Retten til barnekoordinator er lovpålagt i helse- og omsorgstenestelova §7-2a
Plikta til å samarbeide mellom tenestene er i tillegg lovpålagd i mange lover: 

Kontakt

Tenestekontoret
E-post
Mobil 94 15 88 14

Adresse

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, inngang ved pensjonistsalen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post