Barnevernvakt

Interkommunal barnevernvakt

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Sykkylven er ein del av interkommunal barnevernvakt for Sunnmøre. Barnevernvakta har akuttberedskap på dagtid, kveldstid, i helger og på heilagdagar. Hovudoppgåva til barnevernvakta er å hjelpe barn og familiar i akutte kriser som ikkje kan vente til neste dag.

Telefonnummer til barnevernvakta: 91 57 60 20

Når bør eg ta kontakt?

Ta kontakt dersom du sjølv blir utsett for, eller kjenner til at barn eller unge utsettast for:

  • vald eller er vitne til vald.
  • seksuelle overgrep.
  • foreldre som rusar seg.
  • omsorgssvikt.
  • kjønnslemlesting.
  • tvangsgifte.

Kva skjer når eg tek kontakt?

Når du tek kontakt vil følgande bli vurdert:

  • om situasjonen kan avhjelpast ved råd og rettleiing.
  • om situasjonen er alvorleg og det bør sendast melding til den kommunen barnet bur i.
  • om situasjonen er akutt og hjelp må setjast i verk raskt.

Vidare vil barnevernvakta vurdere om det er best å dra heim til familien det gjelder eller at oppfølging skjer hos barnevernvakta.

(Kjelde: https://www.barnevernvakten.no/finnbarnevernvakt/sykkylven-kommune)