Bekymringsmelding

Kven kan melde frå til barnevernet?

Alle som er bekymra for eit barns utvikling eller omsorg kan ta kontakt med barnevernstenesta. Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehage/ skule, helsestasjon eller andre. Din bekymringsmelding kan vere svært viktig for barnet det gjelder. Å kome tidleg i gong med hjelp er viktig, og kan hindre at utfordringane blir for store.

Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med oss.

Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Privatpersonar kan velje å vere anonym når dei kontaktar barnevernstenesta. Barnevernstenesta ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka meir truverdigheit.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom det er grunn til å tru at eit barn blir eller kan bli mishandla i heimen eller at det kan vere andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Når er det alvorleg nok?

Det er vanleg å frykte at man overreagerer eller overtolkar bekymringsverdige signal. Mange lurer på om det dei ser kanskje ikkje er alvorleg nok, eller om ei melding kan skape unødige problem. Om du er bekymra for eit barn, på den måten at du trur foreldra kanskje ikkje klarer å ta godt nok vare på barnet, bør du melde frå til barnevernstenesta.

Det er barnevernstenesta si oppgåve å vurdere bekymringane, og om hjelp kan vere nødvendig.

Du kan nytte KS bykmringsportal: 

Bekymringsmelding til barnevernet

Kva skjer når du tar kontakt med ei bekymring?

Barneverntenesta skal etter å ha mottatt melding, seinast innan ei veke, avgjere om det skal opprettast undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. Akuttsaker blir avgjort straks.

Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding seinast innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding.

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova.

Lover og forskrifter

Lov om barnevern