Støttekontakt

Ein støttekontakt er ein person som ynskjer å bidra med positive erfaringar og noko å glede seg til i kvardagen for barn og unge med ulike behov. Som støttekontakt engasjert av barnevernstenesta hjelper du barn og unge som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i fritidsaktivitetar utanfor heimen. Støttekontakten får godtgjering av kommunen.

Det er ikkje krav om noko spesiell utdanning for å vere støttekontakt, men det er krav om politiattest. Å vere støttekontakt krevjar at du har tid og overskot til å gjere ein forskjell. Det er først og fremst personlege eigenskapar som avgjer om ein person passar som støttekontakt eller ikkje.

Om du er ein person som:

  • er påliteleg og stabil
  • er trygg på deg sjølv
  • har gode samarbeidsevner
  • har respekt for andre menneske
  • har overskot til å gi av deg sjølv
  • har evne til setje grenser

då kan dette passe for deg. Om du er interessert i å søkje kan du fylle ut skjemaet under og levere dette på servicekontoret.

Søknadsskjema (PDF, 143 kB)

Det skal vere givande og hyggeleg å vere støttekontakt/fritidskontakt. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegdom og interesser speler ei avgjerande rolle når vi skal kople støttekontakt/fritidskontakt og tenestemottakar.

Dersom barnevernet ikkje har eigna oppdrag ledig, kan godkjende støttekontaktar/fritidskontaktar stå på venteliste til vi finn rett oppdrag.