Flytte til Sykkylven kommune - sekundærbusetting

Byte kommune som flyktning:

Det er den første busettingskommunen som har ansvar for introduksjonsprogram, tilbod og rettleiing når det gjelder bustad, helse, økonomi, skule, barnehage og andre tilbod.

Sykkylven kommune blir kontakta av mange flyktningar som ønsker å flytte hit frå andre kommunar innanfor dei første fem åra etter første busetting. Dette blir kalla sekundærbusetting.

Dersom du har eit ønske om å byte kommune til Sykkylven kommune skal dette gjerast gjennom din noverande busettingskommune. Ta kontakt med din kontaktperson i flyktningtenesta i din heimkommune, som da kan ta kontakt med flyktningtenesta i Sykkylven.

Kommunen kan vurdere å akseptere flytting frå andre kommunar dersom vedkommande har ei sterk tilknyting til kommunen. Eksempel på dette kan vere nær familie som ektefelle, partner og felles barn.