Frivillig - Vil du vere brubyggar?Alle innbyggarane har ei viktig rolle i kommunen sitt integreringsarbeid. Vi oppfordrar alle som møter nye sykkylvingar å vise forståing og vere rause og inkluderande. Dette legg eit godt grunnlag for det vidare integreringsarbeidet i bygda. Publisert 06.09.2024 11.56 Sist endra 06.09.2024 11.56 Ønsker du å aktivt bidra i integreringsarbeidet kan du ta kontakt. Vi har behov for fleire ressursar i våre tiltak. I dag samarbeider vi med Redd Barna om leksehjelp for flyktningborn (i regi at biblioteket) og språkkafé på Fønix. I tillegg har vi familiar som søker språkvenar, bonusfamiliar, reservebesteforeldre eller sykkylvsguidar som dei også kan beskrivast som.Vi samarbeider også med andre lokale lag og organisasjonar i integreringsarbeidet: Røde Kors, Mental Helse, Gi Glede og Sykkylven idrottslag er nokre av desse organisasjonane.Ønsker du å gi klede, leiker eller anna utstyr som dei nybusette kan ha glede av kan du ta kontakt med Gi Glede https://gi-glede.no/ som er vår samarbeidspartnar på dette området.Ynskjer du å bidra i dette viktige arbeidet, ta kontakt med ein av oss eller bruk registreringsskjemaet:Registreringsskjema for frivillege