Har du ledig husvære til ukrainske flyktningar

Vi ber deg om å melde frå til oss dersom du har bustad som kan leigast ut for kortare eller lengre periode. Vi er primært ute etter bustadar som er utrusta til å kunne brukast som fast og langsiktig bustad

Sykkylven kommune vidarefakturerer husleiga i si heilheit til personen som blir busett i bustaden. Husleige er noko den enkelte dekker sjølv av eiga inntekt/stønadar.

Har du ledig husvære er det fint om du fyller ut dette skjemaet og sender inn:

Skjema - utleige av husvære