Mottak av flyktningar i Sykkylven kommuneFrå 15. juli 2024 må alle som skal søkje opphald reise til Nasjonalt ankomstsenter i Råde for å registrere søknaden sin. Publisert 06.09.2024 11.55 Sist endra 06.09.2024 15.03 Nasjonalt ankomstsenter ligger i Råde kommune, omtrent 116 kilometer sør for Oslo flyplass på Gardermoen. Nærmaste grenseovergang er E6 i Svinesund. Nærmaste flyplass er Oslo lufthavn på Gardermoen.Adresse: Mosseveien 58, 1640 Råde.På Nasjonalt ankomstsenter tek du kontakt med politiet. Dei vil hjelpe deg vidare.Du må sjølv planlegge reisa di til Nasjonalt ankomstsenter. Det betyr at du sjølv må betale og organisere reisa til Nasjonalt ankomstsenter. Einslege mindreårige eller andre særskilt sårbare personar vil kunne få hjelp til reisa. Det kan gjerast unntak dersom det er fare for personens liv og helse.Det er frivillig å bo på Nasjonalt ankomstsenter og mottak. Du må sjølv betale for å bo privat.Sykkylven kommune kan ikkje tilby noko bistand før du har fått innvilga opphald/kollektiv beskyttelse i Norge. Har du behov for å bli busett i Norge med offentleg hjelp vil du få tilbod om å bu på mottak før du har fått tildelt ein kommune for vidare etablering og oppfølging. Dersom du har familie eller slekt i Sykkylven kommune kan du ta kontakt med flyktningtensta eller informere om dette i ditt busettingsintervju. IMDi fordeler den enkelte til ulike kommunar etter kapasitet. I enkelte høve blir det tatt hensyn til relasjonar når busettingskommune blir tildelt. Meir informasjon finn du her:https://www.udi.no/https://www.udi.no/ukrainahttps://www.udi.no/viktige-meldinger/informasjon-om-situasjonen-i-palestina-og-israel-og-soknader-om-opphold-i-norge/https://www.nav.no/ukrainahttps://www.imdi.no/https://www.politiet.no/en