Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom er eit helsetilbod til alle barn og unge mellom 13-25 år.

Kven kan få tilbod?

Dette er eit gratis tilbod for gutar og jenter mellom 13-25 år, ein treng ikkje bestille time berre møte opp på helsestasjonen torsdagar kl 14.30 til 16.30. HFU følgjer skuleruta. 

Kva kan du få hjelp til?

Helsestasjon for ungdom er eit supplement til skulehelsetenesta. Her møter du helsesjukepleiar og lege. Dei kan kontaktast om fysisk eller psykisk helse eller om du har andre spørsmål knytt til din livssituasjon, som for eksempel:

  • Prevensjon.
  • Helsespørsmål.
  • Problem heime eller på skulen.
  • Rus og rusmisbruk.
  • Seksualitet.
  • Tristheit/einsamheit.
  • Vonde opplevingar.

Vi kan hjelpe med resept på prevensjon, graviditetstestar, testar for kjønnssjukdom (seksuell overførbare infeksjonar) og underlivsundersøkingar. Vi henviser til fastlege eller spesialist dersom det er behov. Alle vi som arbeider på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Tilbodet er gratis.

Besøksadresse:

Helsestasjonen, Haugneset 20.

Nyttige lenker:

Ung.no

Sexogsamfunn.no

Slettmeg.no

Rettigheter i psykisk helsevern for deg under 16 år

Kontakt

Inger Klungsøyr
Helsesjukepleiar ved Sykkylven ungdomskule og Sykkylven vidaregåande skule, helsestasjon for ungdom
E-post
Mobil 95 33 62 80

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Anne-Grethe Slinning
Helsesjukepleiar
E-post
Mobil 91 89 87 69

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post