Psykisk helseteam barn og unge

Psykisk helseteam gir gratis hjelp og behandling til barn og unge (0-18 år) med lette til moderate psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar og reaksjonar på belastende livshendingar. Teamet har eit familieperspektiv og tilbyr også foreldrestøtte, samt tett samarbeid med andre tenester kring barnet og familien.  

Dette tilbyr vi

  • Kartlegging, rettleiing og oppfølging av barn, unge og deira familiar 
  • Hjelp til å henvise vidare ved behov for utgreiing og lengre oppfølging av spesialisthelsetenesta eller andre
  • Behandling av lette til moderate psykiske plager, byrjande rusmiddelvanskar og reaksjoner på belastande livshendingar 
  • Tverrfagleg samarbeid med andre deler av hjelpeapparatet, barnehagar og skular 
  • Rettleiing og fagstøtte til personell og tenester som arbeider mot målgruppa 

Slik tek du kontakt med oss

Familiar kan ta direkte kontakt med tenesta. Det trengs ingen henvisning. Andre instansar treng samtykke frå føresette og ungdom over 16 år for å kontakte psykisk helseteam.  

Kontaktskjema

Artikkelliste