FeiingKommunen skal sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg, som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia ved behov. Dette gjeld i hovudsak bustadar og fritidsbustadar. Behov for feiing av røykkanalar skal vurderast for kvart enkelt fyringsanlegg. Frekvens for feiing blir vurdert og fastsett ved feiing og tilsyn, samt gjennom fagleg vurdering av risikoforhold. Tilsyn med fyringsanlegg skal også utførast etter behov og risiko. Sist endra 02.04.2025 11.10 Framgangsmåten ved feiing Du får varsel om feiing på sms. Telefonnummeret meldinga blir sendt i frå er eit nummer på 14 siffer, og startar på 225801********. Når du mottek sms frå oss om feiing og tilsyn får du to valg; Tast 1 for å bekrefte tidspunktTast 2 dersom oppsatt dag/time ikkje passar. Du må då sjølv kontakte brannførebyggaren og avtale ny dag/tid.Ikkje skriv punktum eller noko anna bak talet, kun talet 1 eller 2. Skriv du noko anna blir meldinga ugyldig. Når du har sendt inn svaret får du ei ny melding med helsing frå brannførebyggaren om at svaret ditt er registrert. Dette skal du gjere før feiaren kjem Luker, ventilar og spjeld skal vere stengde, slik at det ikkje kjem sot og støv inn i bustaden Eldstad skal vere sløkt, og pipa skal vere kald Sotluka skal vere tilgjengeleg for kontroll og tømming av sot Tilkomststige treng ikkje å stå oppreist, men skal vere lett tilgjengeleg der feiaren naturleg skal opp på taket Sikre trygg tilkomst Som eit utgangspunkt for trygg tilkomst skal huseigar følgje opp dette: På tak der det er helling utover skal det normalt vere fastmontert takstige eller trinn. Dersom det er to eller flere piper kan du montere ei takbru mellom pipene til erstatning for to fastmonterte takstigar. Takstigar skal vere godkjent i samsvar med sentral standard. Det vil si NS-EN 516, NS-EN 517, NS-INSTA 650. Dersom pipa er høgare enn 1,2 m over tak skal det i utgangspunktet monterast arbeidsplattform. Eigedommar med manglande tilrettelegging for tilkomst på tak vil ikkje få utført feiing. Meir informasjon til huseigar/brukar. (PDF, 66 kB)Feie- og tilsynsgebyrFeiegebyr forfell til betaling samstundes med 2. termin for kommunale eigedomsgebyr.Eigar av bustad vert friteken for feiegebyr dersom eigar ikkje har tilkopla eldstad til pipa. Fritidsbustader har ikkje gebyr.Skjema for søknad om fritak frå feiegebyr, gebyr for vatn og avløp og fritak evt sjeldnare slamtømmingLov og forskriftFeiing og tilsyn med fyringsanlegg er lovpålagt ifølge lov og forskrift:Forskrift om gjennomføring av gebyr for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Sykkylven kommune, Møre og RomsdalForskrift om brannforebyggingLov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver