Tilsyn og meldeplikt/søknadspliktKommunen skal sørge for at røykkanalar i fyringsanlegg, som blir brukt til oppvarming av byggverk, blir feia ved behov. Dette gjeld i hovudsak bustadar og fritidsbustadar. Behov for feiing av røykkanalar skal vurderast for kvart enkelt fyringsanlegg. Frekvens for feiing blir vurdert og fastsett ved feiing og tilsyn, samt gjennom fagleg vurdering av risikoforhold. Tilsyn med fyringsanlegg skal også utførast etter behov og risiko. Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er lovpålagt ifølge lov og forskrift: Forskrift om gjennomføring av gebyr for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver Forskrift om brannforebygging Sist endra 29.06.2022 15.02 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Framgangsmåten ved tilsyn Varsel om tilsyn vert sendt som brev, huseigar vert varsla 7 - 10 dagar før tilsynet og påminning om tilsynet vert sendt dagen før på sms. Tilsyn vert utført til avtalt klokkeslett Tilsyn vert vurdert utifrå risiko slik som alder på bygget, fyringsanlegget, fyringsmønster og anna. Huseigar får rapport etter utført tilsyn Meldeplikt ved montering av eldstad Det er plikt til å melde frå til kommunen ved montering av eldstad. Tiltak som ikkje krev søknad og tillatelse etter Plan og bygningsloven § 20-5 mindre tiltak i eksisterande byggverk. Tiltak som ikkje krev søknad og tillatelse etter Byggesaksforskriften § 4-1. Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande byggverk innanfor ein bustad eller branncelle. Oppføring og rehabilitering av skorstein Oppføring og rehabilitering av skorstein er søknadpliktig etter Plan- og bygningsloven § 20-1 f. Skjema for sjekkliste og kontrollerklæring for installasjon av eldstad Ikke digitalt skjema (må printe ut og fylle inn opplysningar: Skjema for sjekkliste og kontrollerklæring for installasjon av eldstad. (DOC, 38 kB)